Velkomen til iTrening

iTrening er eit bookingsystem utvikla for idrettslag, treningsstudio og bedrifter for å lettare administrere påmelding til treningar og arrangement.
Då vi utvikla systemet var vår utfordring; som instruktør ønska vi å bruke minst mogeleg tid på å administrere påmelding til treningstimar kor vi hadde begrensa antal plassar.

Vi utvikla derfor eit bookingsystem som handterer administrasjon, bestilling av treningstime, venteliste på fulle timar, statistikk, samt varslingsystem pr. e-post og SMS. Systemet tar mellom anna høgde for fleire lokasjonar; f.eks spinningsal og aerobicsal, dersom ein har treningar på fleire stader. Ein kan og dele kalenderen opp i fleire ”faner” ut i frå aktivitet. Ein får då for eksempel spinning i ei fane, og aerobics i ei anna.

Vi leverar og tilleggsmodul for SMS varsling knytta til venteliste. Brukaren vil kunne sette seg på ventelista, motta og bekrefte plass via SMS om det blir ledig plass på ønska time. Dette har vist seg å være ein svært praktisk funksjon som sparar instruktørar for masse tid. Heile systemet er frittståande, og kan enkelt integrerast inn i eksisterande nettsider. iTrening har no vore i drift i over 4 år, og tilbakemeldingane frå både instruktørar og brukarar er veldig bra. Det er pr. i dag 7 idrettslag/brukarar av iTrening, og vi har stadig nye henvendelsar.

denne sida kan du sjølv teste systemet, klikk på Demo i menyen øverst på sida…

«I samband med utbygging av treningsstudio i Fjalerhallen har vi vore på utkikk etter eit time / kalender system som kan ta seg av oppsett og planlegging av timar både for spinning og anna aktivitet. Etter å ha ”tråla” nettet og funne mange store og dyre løysingar som ikkje var aktuelle for oss, så kom vi nærast ved ein tilfeldighet over programmet iTrening frå Vegar Sårheim på Breim. Dette var akkurat det vi leita etter. Fekk det kjapt og greitt installert før opning og så langt svarer det absolutt til våre forventningar. Også kjekt å kunne kjøpe «kortreist» programvare til våre prosjekt i Sogn & Fjordane.»

For Dale IL, Vidar Samuelsen